Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kulturlandskapet

14.10.2010 - 08:32

Kulturlandskapet er natur der menneske har sett meir eller mindre synlege spor etter seg; det er menneskeskapt. På Havrå er det landbruket sitt kulturlandskap me ser; eit landskap som er forma av gardsdrift gjennom tusenåra.

Somme spor er tydeleg og synberre; for å oppdaga andre trengst det eit røynd auga. Mest tydelege og forteljande er tunet og det næraste landskapet, det som heiter Bødn. Her har drifta vore intensiv i mange hundre år. Åkerbruket med faste åkrar i bratt lende har laga store åkerreiner i nedkant av åkrane, sjølv om brukarane alltid passa på å spa jorda oppover. Rydningsrøysar står att og minner om rydding av åker og eng. Steinar på Bødn har også vore brukte til å byggja lad eller bakkemurar for å halda jorda på plass i dei bratte liene.

På tørre stader eller ved urer og murar står styvingstrea; lauvtre som med års mellomrom vert hausta for å nyttast til hesjastaur. Skavet av staurane var tidlegare eit viktig tilleggsfôr.

Ut frå tunet strålar eit nett av vegar og stiar. Vintervegar over åker og eng vart berre brukte då. Di lenger ein kjem vekk frå tunet, di mindre tydelege vert dei menneskeskapte kulturspora, men også i ytterkant av innmarka kan ein finna lad og bakkemurar mellom tilvaksen skog.

Den store fellesutmarka på Havrå vert kalla Markjæ. Det er denne som gjorde det mogleg å halda så mange husdyr på garden. Her er godt beite, og i tidlegare tider har det vore utmarksslått. I Markjæ henta gardsfolka ved, emne til reiskapar og brakje til å vøla løeveggane. Frå utmarka går mange løypestrengar ned mot tunet. I dag er delar av utmarka vorte kulturbeite.

I innmark som i utmark kan botanikarane lesa korleis driftsmåten har påverka naturen og det biologiske mangfaldet. Dei deler gjerne områda inn i ulike kulturmarkstypar, alt etter om dei er tørre eller fuktige, med eller utan skog o.s.b. Ved å studera voksterlivet, kan dei så kartleggja endringar i kulturlandskapet som ikkje er så lette å sjå for ein sommarturist. På Havrå er det mange ulike kulturmarkstypar. Dei er ein viktig del av kulturlandskapet, og skal takast vare på som dei andre meir tradisjonelle kulturminna på garden.