Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Garden Havrå

14.10.2010 - 08:25

Mykje tyder på at det har budd folk på Havrå heilt frå bronsealderen. Pollenanalysar av prøver tatt like ved tunet syner at det vart drive åkerbruk på garden for 3.500 år sidan. Menneskeleg aktivitet i området er endå eldre, det syner steinalderfunn sorn er gjort ved fjorden.

Havråtunet og -garden er eit eineståande minnesmerke over vestlandsk busetnad og jordbruk, slik det var for 100 - 150 år sidan. Då jorda andre stader vart utskifta og den gamle tunskipnaden med fellestun vart broten som følgje av utskiftingslovene på 1800-talet, vart Havrå liggjande att alt på 1930-talet kjent som eit verdfullt kulturminne. Havrå er delt i 8 bruk, kvart på om lag 20 dekar.

Etter mange år utan aktiv gardsdrift, driv Museumssenteret i Hordaland no jordbruk på "gamlemåten" med både husdyrhald og åkerbruk, og dei tradisjonelle driftsmåtane der mykje av arbeidet vert utført med handamakt, vert haldne i hevd. Spaden og ljåen er viktige reiskap, og kipa er uunnverleg til det meste som skal transporterast på garden, frå møk til lauv og poteter. På 1800-talet fekk tunet med hellelegging og bygningar omlag den forma det har i dag. Mange av bygningane er mykje eldre, og den eldste, Guleksbuæ, er datert til 1200-talet.

Livet på garden
Då folketalet var på det høgaste, budde det 60 menneske i tunet. No vert dei fleste husa brukte til sommarhus, og det er berre få fastbuande att. Garden si soge, livet i tunet og gardsdrifta er godt dokumentert i Havråfilmen frå 1950 og Havråboka fra 1994. Garden er i privat eige, men mottek støtte som halvoffentleg museum og har faste omvisingar i sommarhalvåret.

Gardsområda
På Havrå er det fem driftsområde etter gammalt. Sentralt kring tunet ligg Bødn, det eldste og viktigaste åkerlandet. Her hadde kvar av brukarane teigar. I overkant ligg Udgjerdet ("utanfor gjerdet") som vart teken inn som teigdelt innmark, då Udgjerdsgarden vart sett opp midt på 1800-talet. I førhistorisk tid var det drive åkerbruk i dette området. I historisk tid har dette vore eng med enkelte åkrar, særleg etter at poteta vart vanleg åkervekst.

Aust om Bødn og Udgjerdet ligg Bergjet nedst mot sjøen, med Slåttna i overkant. Også desse områda er teigdelte. I det bratte, steinete, men grøderike Bergje vart det henta fôr, emnesved, brensel og jordforbetringsmateriale. Slåttna var som namnet seier slåtteland - lett og tidleg å hausta nedst, men tyngre lengst oppe. Nord om Udgjerdet og Slåttna ligg det store utmarksområdet på garden, Markjæ, med gode fjellbeite og brakje til løeveggar og til brensel.