Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Byggeskikk

14.10.2010 - 08:35

Folk som kjem opp i tunet får først auga på dei store brakekledde løene. Dei er sette opp i siste helvta av 1800-talet, mange av dei av materiale frå eldre løer. Løene er stavbygde, og stavane står på dei mura florane. Dette er ein byggjemåte med røter attende til førhistorisk tid. Dei "nye" florane under løene er murte i stein, somme godt inn i bakken. Dette var ein ressurssparande byggjemåte i tider då det var uthogne skogar, men flust med arbeidskraft.

Stovebygningane er tømra, likeins buer, vårflorar og somme av nausta. Gammalt tømmer frå stovehus er nytta i uthusbygningane, som lekk i det som i dag vert kalla gjenbruk.

TETT, LETT OG LUFTIG, BILLIG OG GODT, VAKKERT OG VARIG - BRAKEKLEDNING

Brakekledning er tett og samtidig luftig. Han eignar seg godt som kledning på hus som skal vera tørre og luftige. Brakekledning er brukt på naust, løer og utløer. Havrå har den største samlinga av brakekledde bygningar i landet.

Det er noko uvisst kor lang tradisjon brakekledningen har. Dei eldste veggane med denne flettverks-kledningen er frå 1880-åra. På Osterøy vart det sett opp brakekledning heilt fram til mellomkrigstida, i samband med utskiftinga. Materialen er gratis, men det tek tid både å henta tenleg brake og å træ ein brakevegg.