Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kunnskap og drift

14.10.2010 - 08:38

Det er hundreårs jordbruksdrift som har forma det gardslandskapet ein ser på Havrå i dag. Derfor meiner Stiftinga Havråtunet at gardsdrift er ein føresetnad for å kunna ta vare på garden når den er freda som kulturmiljø. For å kunna driva eit så stort og samansett jordbrukslandskap, trengst ulike typar kunnskap. Berre dei færraste av dei kan lesast ut or ei bok.

Eit overordna mål med arbeidet har derfor vore å sikra at kunnskapen om dei tradisjonelle driftsmåtane vert halden ved like ved å driva gardsdrift på gamlemåten. På Havrå har dette vore mogleg, sidan driftsmåtane og kunnskapen knytta til dei har vore halde levande fram til vår nære fortid.

Frå 1995 har Stiftinga Havråtunet hatt fast gardsstyrar som har gått i lære hjå brukaren som dreiv gard fram til 1979. Ved saman å gå til dei ulike stadene på garden, og arbeida i lag, har gardsstyraren tileigna seg det som vert kalla den handlingsborne kunnskapen. Det er viktig å syta for at læringa held fram og ikkje kviler på ein person åleine. Stiftinga Havråtunet arbeider derfor for å få større arbeidsstokk på garden.