Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Historie

28.09.2010 - 12:51

Det uskipla kulturmiljøet på Havrå er ei rik kjelde til kunnskap om farne tider, og garden har trekt til seg forskarar frå mange fagfelt frå midten av 1940-åra. Havrå er ein av dei best undersøkte gardane i Noreg. I skriftlege kjelder dukkar garden fram først i 1303 i samband med ein eigedomstvist. Eigaren som då var fru Gudrun, budde ikkje på garden, men det gjorde Alv som truleg var ein av brukarane.

Men garden er eldre enn det. Arkeologiske og naturhistoriske undersøkingar dei siste åra har skubba soga om busetjing og gardsdrift i dette området stendig lenger attende i tid.

Alt for fire tusen år sidan tok folk området i bruk, om ikkje for å busetja seg fast. Dei rydda skogen for å skaffa betre og meir beite til buskap. Ryddinga gjekk gradvis for seg gjennom århundra, og større og større delar av området vart opna til beite og seinare for åkrar. Havrå fekk fast busetnad heile året, og vart ein gard.

Gard er eit gammalnorsk ord som tyder gjerde. Det eldste gjerdet ein har funne til no er geila eller fegata. Geila går frå tunet til beitet og hindra dyr å koma på åker og eng. Ho er mura i stein, og er laga kring 300 e.Kr.

Skriftlege kjelder er sparsame, både når det gjeld drifta og brukarane. Men den allmenne kunnskapen frå større område gjer at ein sikkert kan gå ut frå at det var fleire enn Alv som brukte garden på 1300-talet.

Svartedauden i 1349 la gardar og bruk øyde over heile landet. På Havrå var det to brukarar kring 1520, og garden var såleis ikkje blant dei som vart hardast råka. Her var drift gjennom heile mellomalderen, om enn i mindre målestokk. Det er vanskeleg å seia kor mange bruk det hadde vore før pesten kom.

På byrjinga av 1600-talet var Havrå delt i fire bruk, og frå då av gjekk bruksdelinga snøgt. Ved utgangen av same hundreåret var det åtte bruk på garden, og brukstalet vart verande det same bortsett frå ei stutt tid (1840-1906) då det var ni.

Som dei fleste gardane på Strilelandet var det lenge andre enn brukarane som eigde jorda. Rett nok var halve garden bondejord, men ikkje det me kallar sjølveige. Her var ingen odelsbonde før opp mot 1800-talet.