Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Freda kulturmiljø

29.09.2011 - 13:29

Havrå vart freda som kulturmiljø 4. desember 1999, som det første i Noreg. I forskrift om freding av Havrå heiter det: "Føremålet med fredinga er å ta vare på og sikre eit nasjonalt kulturhistorisk og arkitektonisk eineståande fjordgardsanlegg, slik Havrå står fram med eit heilskapleg vestnorsk klyngjetun med tilliggjande landbrukslandskap, og der jorda aldri har vore undergitt eit samla jordskifte.

Målet er å ta vare på dette kulturmiljøet som ein historisk referanse og ei kjelde til kunnskap og forsking om levekår og driftsform knytt til det førindustrielle landbruket med tilhøyrande binæringar, og å sikra opplevingsverdien av Havrå med innmark og utmark" (Forskrift om freding av Havrå som kulturmiljø i Osterøy kommune, Hordaland fylke, III).

Fredingsprosessen frå den frivillige fredingsavtalen for tunet og delar av innmarka frå 1973 til den formelle fredinga har vore lang, og er eit døme på korleis synet på kva som er kulturminne og verdt å ta vare på har endra seg. No er heile på garden freda, frå ytste utmarksgrense til tunet.

Dette er den første kulturmiljøfredinga som er gjort i Noreg, og det vert spanande å sjå kva ei slik freding inneber i praksis. Antikvarane har lang røynsle i å ta vare på bygningar og tekniske anlegg i landskapet. Det vert ei utfordrande oppgåve å sikra at også kulturlandskapet vert teke vare på.