Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Om avdelinga

10.09.2009 - 09:39

Stiftinga Havråtunet vart skipa i 1973 med føremål å ta vare på tunet og det teigdelte landskapet på Havrå. Med i stiftinga er representantar for grunneigarane, Osterøy kommune, Hordaland fylkeskommune, Osterøy Museum og Fortidsminne-foreningen, Bergen og Hordaland avd. Frå starten har tunet og området kring vore freda ved ein frivillig fredingsavtale.

I 1977 fekk Stiftinga Havråtunet status som halvoffentleg museum og fekk offentlege tilskot. I 1988 vart det avtalefesta eit samarbeid med Osterøy museum, og dei to institusjonane har felles personale. Stiftinga leiger tre bruk på Havrå og driv tradisjonell gardsdrift med dyr og åkerbruk. Havrå er det første anlegget som er freda som kulturmiljø etter paragraf 20 i kulturminnelova. Frå 1. januar 2007 vart drifta av Havråtunet ein del av Museumsenteret i Hordaland.

Image: