Havråtunet

Havråtunet ligg lunt og sørvendt på Solstranda på Osterøy. Jorda er fruktbar og mange varmekjære plantearter veks i dei bratte liene. Med utsyn over Sørfjorden ligg garden Havrå midt i eit særprega kulturlandskap. På garden er klyngetunet og den gamle teigdelinga framleis intakt. Garden er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mangbølte vestlandsgardane. Her er drift på 3 av bruka med gamle norske husdyrrasar, korn og potetar.

Havrå er ein gard med ei historie som strekker seg tilbake til bronsealderen. Garden vart freda i 1998 etter §20 i Kulturminnelova, som det første kulturmiljø i Noreg. Føremålet er å sikre at dette eineståande nasjonale fjordgardsanlegget til ein kvar tid skal vera ein historisk referanse og kjelde til kunnskap. Det oppnår ein ved å drive garden slik det er nedfelt i fredningsvedtektene.

 

Skjøtsel av verdifullt kulturlandskap i Hordaland: Havrå og Lygra

Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland har delt ut midlar til 31 mottakarar som driv skjøtsel i viktige kulturlandskap i Hordaland. Mellom desse er Museumssenteret i Hordaland.

Ledige stillingar som omvisar i sommar

Osterøy museum, Havrå og Vestnorsk utvandringssenter søkjer engasjerte, formidlingsglade og historieinteresserte omvisarar til sommarsesongen 2013.

Museumssenteret til Tysnes med undervisning

Museumssenteret har hatt to kjekke dagar med elevar på Tysnes skule med  undervisningsopplegget “Mat for bymann og stril”.  Her kan du sjå fleire bilete  og kva dei skriv.

Mat for bymann og stril

Saman med Brørvikskuta og Den Kulturelle Skulesekken i Nordhordland gjennomførte MuHo eit kulturhistorisk undervisningstilbod for grunnskulane i Nordhordland i 2012. 4.-6. september 21012 kom det over 200 elvar til Lyngheisenteret på Lygra for å delta i dette undervisingsopplegget. Elevane deltok [...]

Kurs i tørrmuring på Havrå 4. – 6. oktober 2012

Haakon Aase held kurs i tørrmuring på Havrå 4. – 6. oktober. Tidsplan: Torsdag kl. 1900 – 2100 Kursstart, teori Fredag kl. 0900 – 1700 Praktisk øving Laurdag kl. 0900 – 1700 Praktisk øving Pris: kr. 1000,- Påmelding på epost til [...]

Til Island med oppstadvev

I mai 2012 var Kjetil Monstad og Atle Ove Martinussen (MuHo) i Skagafjördur på Nord Island for å lage oppstadvev (ståande vev) saman med Bragi Skulason frå Fornverkarskolin i Island. Dette er eit samarbeid som har gått over fleire år [...]

Adresse

  • Havrå
  • 5286 Haus
not
Sjå større kart

Kontakt

Opningstider

  • Alle sundagar frå og med 3. juni-30.sept:
  • kl. 12-15. Omvising kl.12 og 13.30.
  • I skulane si ferie tysdag og onsdag:
  • kl. 12-15. Omvising kl.12 og 13.30.
  • Utanom opningstidene ope etter avtale.
  • Ver merksam på at det framleis bur folk i tunet. Vis omsyn.

Prisar

  • Vaksne: kr. 50,-
  • Born: gratis
  • Honnør/student: kr. 30,-
  • Leige guide (utanom faster tider): kr. 500,-