Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Havråtunet

Tlf: 56390290 / 95914742 / 55251080

marit.adelsten.jensen@muho.no

Havrå er ein gard med ei historie som strekker seg tilbake til bronsealderen. Garden vart freda i 1998. På garden er klyngetunet og den gamle teigdelinga framleis intakt. Garden er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mange vestlandsgardane.

Vi søker no omvisar for sesongen 2019. Det er omvising kvar søndag frå juni til september. I skolen sin ferie er det også omvising kvar tysdag og onsdag, andre tider etter avtale.

Meir om Ledig jobb som omvisar på Havrå

Museumsnytt (det einaste fagbladet i museumssektoren) har vore på besøk på Havrå og laga ein flott artikkel om det levande museet der.

Meir om Eit ekte "møkkamuseum"

Når tidlegare generasjonar sin allmennkunnskap om korleis ein har overlevd i dette langstrakte landet ikkje lenger har verdi, er tida inne for å rasle litt med sablane. Artikkel av Marit Adelsten Jensen.

Meir om Når bondevettet visnar - artikkel

Bladet Bondevennen hadde i august ein flott artikkel om den levande kulturarven på Havrå.

Meir om Flott artikkel om Havrå

19.11.2015 blei Rødlista for 2015 lagt ut. Avdelingane våre Havrå og Lyngheisenteret jobbar aktivt for å oppretthalde trua kulturavhengige naturtypar som  slåttemark, haustingsskog og...

Meir om Rødlista 2015

No kan du bestille kortfilmen "Bekken" frå Havrå på DVD hjå oss. Bekken på Havrå bind fjellet saman med tunet, og tunet saman med fjorden. Alt liv på garden har i tusenvis av år kretsa rundt bekken. Sjølv om bekken aldri sluttar å bruse, så er livet rundt han i ferd med å stilne.

Meir om Flott film frå Havrå

Kalender


Sjå heile kalenderen

Sjå kart

Adresse

  • Havrå
  • 5286 Haus

Kontakt

Ope

  • Sundagar in juni-august:
  • 12-15. Omvising 12.00 og 13.30.
  • I skulane sin sommarferie også tirsdag og onsdag:
  • 12-15. Omvising 12.00 og 13.30.
  • Vis hensyn - det bur privatpersonar i tunet.

Prisar

  • Vaksen: 60
  • Barn: gratis
  • Honnør og student: 50
  • Grupper (min. 15 pers.) 50
  • For grupper som tingar omvising utanom opningstidene våre kjem eit ekstra gebyr på kr 550
  • Det er mogeleg å kjøpe fellesbillett til Osterøy museum og Havrå til kr 90 for vaksne/kr.70 for grupper, studentar og pensjonistar