Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Omvisar på Havrå

Publisert den 23.03.2017 - 10:09
23.03.2017 - 10:09

 

På Havrå er det ledig delstilling som omvisar for sesongen 2017.  Omvisinga  vil vera kvar sundag frå og med fyrste sundagen i juni til og med siste sundagen i august. I skuleferien, kvar tysdag og onsdag i tillegg. Opningstida er frå kl. 12-15. Det kan også verta omvisingar utanom opningstidene.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innanfor biologi og kulturfag
  • Erfaring frå praktisk arbeid på gard er ein stor føremon

Løn etter avtale.

Vi vil tilrå at de ser filmen om Havrå. Då får de ei breiare forståing for kva verdiar garden har. Følg denne lenka:  http://www.filmarkivet.no/film/details.aspx?filmid=46446

Her finn du heile utlysinga og søknadsskjema.

Søknadsfrist 21.04.2017