Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ledig jobb som omvisar på Havrå

Publisert den 09.04.2019 - 10:05
09.04.2019 - 10:05

Havråtunet er eit freda klyngetun som ligg på Osterøy. Vi forvaltar ein unik kulturarv, og driv forsking og dokumentasjon av gammalt landskap, arbeidsmetodar, reiskap, dyr og plantar.

Vi søker no omvisar for sesongen 2019. Det er omvising kvar søndag frå juni til september. I skolen sin ferie er det også omvising kvar tysdag og onsdag, andre tider etter avtale.

Vi søker deg som er fleksibel, utåtvend og likar å formidle fagkunnskap på ein forståeleg måte. Du likar å vere i lag med andre menneske og er interessert i historie og kulturlandskap. Du beherskar norsk og engelsk, og gjerne tysk eller andre språk. Du har gjerne ein fagleg bakgrunn innan biologi, landbruk eller kulturminnevern.

Opplæring vil bli gitt.

Her kan du lese meir og søke på stillinga

Her finn du oversyn over alle ledige stillingar i MuHo