Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Thanksgiving Day på Prærien

Publisert den 01.11.2017 - 11:52

Familiearrangement med lysparade, bål og hygge i Prærielandsbyen. I Amerika markerer dei Thanksgiving Day, eller Hausttakkefest, som ein familiedag med opptog, parade, familiesamvære, historiar og god mat. På Vestnorsk utvandringssenter inviterer vi til parade med fakkeltog og koseleg samvær i Prærielandbyen på Sletta. 

Thanksgiving i Amerika i dag er ei markering av dei første pilegrimane eller innvandrarane som kom til Amerika, men vart også utpeikt som nasjonal helligdag på 1800-talet for at den unge nasjonen skulle ha ein dag der dei kunne samlast og hylle verdiane nasjonen var tufta på, uavhengig av kva for etnisitet, religion og kultur dei kom frå. Thanksgiving minner ein på USA si historie som eit land av innvandrere.

Ver med i vårt litle opptog med lys. Ta med fakkel eller lykt. Kle deg gjerne ut, som cowboy, indianar, dyr, eller i tradisjons drakter frå 18-1900 talet.

Etter fakkeltoget vert det samling rundt bålet. Ta med deg matpakke, vi serverer ”Indianerbrygg” og kaffi. Ver med å skap god stemning med allsong. Det kjem ein trubadur med gitar.

Vi knekker nøtter, og du kan ”make a wish” med ”ønskebein”. Historieforteljing – Thanksgiving Day i ”gamle dagar” og no. Familieleiker og spel. Vi har diverse spel og leikar som familien kan gjere saman. Happy Thanksgiving!

Arrangementet startar kl 1800, og varer frem til kl 19.30. 

Billettar: Voksne kr 50,-  Barn kr 25,-

01.11.2017 - 11:52