Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Våre Menyar

30.12.2016 - 20:07

Mat på Lyngheisenteret

Nærmast alt vi serverer på Lyngheisenteret er heimelaga og inneheld kortreiste og økologiske råvarar av høg kalitet. Vi har eit tett samarbeid med lokale leverandørar som Ikeland Gard og vi endrar menyane frå sesong til sesong, avhengig av kva som er tilgjengeleg i dei ulike årstidene.

Vi kombinerar tradisjonar og kortreist mat, noko vi har god mogelegheit til ettersom vi òg har ein eigen åker i tilknytning til Lyngheisenteret. Poteter, salat, bringebær og eple er berre nokre av godsakane som veks her. 

Ta kontakt med  Vibeke Døsvik Haukeland, epost:  vibeke.haukeland@muho.no  for ein eigen skreddersydd meny til ditt arrangement! 

 

 

 

Image: