Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Verdisikringsplanar

05.08.2020 - 13:30

I samarbeid med Bergen Brannvesen er det utarbeidd ein mal for verdisikringsplan for musea. Planen kan lagast for heile museumsbygg, einskilde rom eller for utstillingar, og skal peike på dei prioriterte gjenstandane som skal reddast ut av museet i samband med brann, flaum eller andre kriser. Den kan også forklare korleis gjenstandar må handterast ved evakuering, eller korleis store, tunge gjenstandar kan dekkast til i samband med krisa. 

Bevaringstenestene kan hjelpe musea å lage sine eigne verdisikringsplanar.