Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Temadag om brannsikring

Publisert den 16.05.2017 - 14:02
16.05.2017 - 14:02

Her er presentasjonane frå temadagen:

Muligheter ved slukkeanlegg.pdf

Presentasjon INERGEN kort2017TEH.pdf

 

Onsdag 7. juni kl 11-15.30 på Norsk Trikotasjemuseum, Salhusvegen 201.

Brannsikring kan vere ei utfordring i freda og verna bygningar. Ønsket om full brannsikring utan synlege fysiske inngrep kan vere vanskeleg å få til. Sprinkleranlegg har blitt det vanlegaste faste sløkkemiddelet, men vatnet frå slike anlegg kan gjere stor skade på gjenstandar og inventar.

Ei anna utfordring for mange museum kan vere at det ikkje er nok tilgang på vatn til at eit vått sprinkleranlegg er tilstrekkeleg til å sløkke ein eventuell brann.

Bevaringstenestene inviterer til ein temadag om brannsikring av museumsbygningar, der vi får forklaring på kva inergen-anlegg er og korleis dei fungerer. Vi får også ei innføring i gjeldande regelverk for bygningar eldre enn 1985.

Sist, men ikkje minst får vi høyre om erfaringane som er gjort ved Fossesholm Herregård, ein del av Buskerudmuseene.

 

PROGRAM

  • 10.30     Kaffi og registrering
  • 11.00     Velkommen
  • 11.10     Kva er eit slokkeanlegg?

                  Hvilke betingelser bør gjelde for valg av løsning?

                  Forskjellen mellom konstant inert anlegg og slokkeluft.

                  Ved Jan Hantho, Opplysningskontoret for automatiske slokkeanlegg (OFAS)

  • 12.00    Hvorfor valgte Fossesholm Herregård slokkeluftløsning med inergen?

                  Prosessen fram mot valget av løsning og erfaringer i etterkant.

                  Ved Ellen Pauline Steen, Fossesholm Herregård

  • 13.00     Lunsj
  • 13.45     Hvordan fungerer et inergen-anlegg?

                    Hvorfor er dette den slokkeluften som gir høyest personsikkerhet? Erfaringer etter tester utført ved Skarpretterboligen i Oslo.

                    Ved Tor Eystein Hovda, Fire Eater Norge.

  • 14.30     Branntekniske vurderinger for eksisterende bygg

                   Gjeldende regelverk for bygg oppført og/eller prosjektert før 1985, samhandling med byantikvar/riksantikvar, eksempler på branntekniske tilstandsvurderinger (behov og krav).

                   Ved Joakim Midtun Larsen, Norconsult

  • Avsluttande spørsmål og kommentarar før avslutting ca kl 15.30

 

Temadagen blir på Norsk Trikotasjemuseum, Salhusvegen 201 onsdag 7. juni kl 11-15.30.

Pris kr 450.- pr deltakar. På grunn av plass må vi avgrense deltakartalet til 40 personar.  Ved ei evt stor påmelding kan det hende vi må avgrense deltakartalet ved dei enkelte institusjonane.

Faktura vert sendt etter påmeldingsfristen 26. mai.

 

Kaffi og frukt, salattallerken til lunsj.

 

 

PÅMELDING TEMADAG OM BRANNSIKRING:

 

Namn på deltakar:

 

E-postadresse:  

 

Tlf.:                       

 

Institusjon:        

 

Fakturaadresse med nødvendige referansar:

 

Evt. allergiar:

 

 

Fyll ut skjemaet og send innan 26. mai til heidi.seilfaldet@muho.no