Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Tekstilkonservering

22.02.2017 - 13:23

Tekstilkonservering 

Vi kan konservere alt av tekstilar, dette kan vere alt frå kyrkjetekstilar og dåpskjolar til veggtepper og kunstinstallasjonar. Konserveringsarbeidet vert ofte utført i vårt godt utstyrte atelier i Salhus, men vi utfører også gjerne arbeid in situ. 

Vi kan mellom anna utføre: 

  • Reingjering tilpassa materiale og tilstand 

  • Saumkonservering av rifter og hol 

  • Bleiking av kvite tekstilar 

  • Konstruksjon av oppheng for vegghengte tekstilar 

  • Laminering av faner eller andre store tekstilar 

  • Rådgjeving om pakking og utstilling av tekstilar 

  • Synfaringar 

 

 

 

 

Ta gjerne kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod!

Telefon: 909 20 987 / 916 964 65 (generelle spørsmål)

E-post: bevaringstenestene@muho.no