Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Samlingsrådet

04.11.2016 - 11:24
Felles samlingsplan:

Arbeidet med ein felles plan for samlingane til musea i Hordaland vart sett i gong i kjølvatnet av Musea i samfunnet – Regional plan for museum 2011–2015, der ein slik plan var eit av tiltaka. 

I planen står følgjande:
Musea i Hordaland skal lage ein felles plan for samlingsforvaltninga, som omhandlar både innsamling og forvaltning av eksisterande samlingar, inkludert kulturlandskap. Museum som er utanfor dei konsoliderte einingane bør også vere med. Tiltaket skal gje ei samla oversikt over samlingane, ein må utvikle system og rutinar for samhandling, og få i stand ei tydeleg arbeidsdeling slik at samlingsforvaltninga vert meir rasjonell. Bevaringstenestene, Museumssenteret i Hordaland, skal ha ei koordinerande rolle.

Les samlingsplanen her: