Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Samlingar på flyttefot 

Publisert den 22.11.2019 - 12:24
22.11.2019 - 12:24

Bevaringstenestene arrangerer fagdagar med tema «Samlingar på flyttefot», som set fokus på flytting av museumsgjenstandar, og alt det inneber av planlegging, logistikk, prioriteringar, samt pakking og praktisk arbeid. 

 

Fagdagane vil strekke seg over to dagar, frå lunsj til lunsj. Det kjem foredragshaldarar med erfaring frå ulike typar flytteprosjekt, alt frå små interne flyttar, til store prosjekt der museet har fått nye magasin og utstillingsområder, og der heile samlinga skal få ny plassering. Seminaret vender seg til tilsette i musea på alle nivå med ansvar for samlingane.  

 

 

Kvar: KODE 1, Bergen  
Dato: 13.-14. februar 2020 
Tidspunkt: 13.2. kl. 10.30 til 14.2. kl. 13.30