Hopp til hovedinnhold

Revita

I samarbeid med musea i Vestland gjennomfører Bevaringstenestene eit grundig dokumentasjonsarbeid for delar av samlingane til musea.

  • Ein konservator monterer eit kjoleliv for fotografering
    1/1
    Fotografering er ein sentral del av revita

Nytt liv til samlingane

Gjenstandane vert henta fram frå magasina, og all tilgjengeleg informasjon om dei vert skriven inn i ein felles database. Bevaringstenestene fotograferer og undersøker den fysiske tilstanden til gjenstanden. Mellom anna vert skader dokumenterte, ofte blir også årsaka til skaden forklart. Dette kan vere spor etter skadeinsekt, solbleiking, fuktskadar og merke etter handtering og bruk. Konservatorane noterer også om gjenstanden kan stillast ut utan å bli konservert først. Denne dokumentasjonsprosessen kallar vi Revita, sidan målet med arbeidet er å revitalisere samlingane eller å gje nytt liv til gjenstanden og kunnskapen om den.

Delar av dette dokumentasjonsarbeidet kan museet publisere på Digitalt Museum, slik at samlingane blir tilgjengelege for publikum, sjølv om gjenstandane er trygt plasserte i eit magasin.


Meir tilgjengeleg – betre bevaring

Ein fordel med den grundige dokumentasjonen er at den reduserer behovet for handtering. Med nokre tastetrykk kan eigarmuseet eller andre interesserte finne ut om det er akkurat denne gjenstanden dei treng til ei utstilling eller eit forskingsprosjekt, utan at det er nødvendig å hente fram gjenstanden. Slik unngår vi unødvendig handtering, noko som på sikt medverkar til at gjenstanden kan bevarast lengre.


Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1