Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



RE-ORG

25.06.2020 - 11:34
Museumssamlingar både i Vestland og verda elles veks i raskt tempo, men ressursane til å ta vare på dei har ikkje hatt ein tilsvarande vekst. Dei fleste museumsmagasina verkar overfylte og gjenstandar er stua tett saman. Dei kan fort bli forveksla med andre ting som blir oppbevart i magasinet: utrangert kontorutstyr, utstillingsutstyr og ting som er plassert der i mangel på annan eigna stad. På grunn av tidsmangel og få ressursar hopar samlingsarbeidet seg ofte opp slik at katalogar og register ikkje er oppdaterte og utfyllande. Skulle det oppstå brann eller flaum i eit slikt magasin er det vanskeleg å setja inn åtgjerder, fordi ein ikkje har oversyn over kva som er der, om nokre gjenstandar er viktigare enn andre osv. Ein vil heller ikkje ha oversyn over om noko t.d. kan vere helsefarleg å arbeide med. Slike samlingar blir av UNESCO definert å vere i fare, men ofte kan situasjonen forbetrast med nokså enkle grep. UNESCOs International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) har difor utvikla ein metode for å omorganisere museumsmagasin for at gjenstandar og samlingar skal bli betre bevart og få forlenga levetida si. Metoden, kalla RE-ORG består av fire steg: dei to første stega er analytiske ved at ein definerer omfanget av problemet, og kartlegg kva som skal til for å løyse det. I dette ligg ei vurdering av tilstanden på magasinet når det gjeld klima og sikring, men også inventar som hyller, skuffer osv. Ein må også kartlegge kva ressursar ein treng både når det gjeld mannskap, verktøy og eventuelle innkjøp. I tredje steget skal ein lage planen for ny organisering av magasinet, medan fjerde steg er den praktiske gjennomføringa av planen. Bevaringstenestene hjelper musea til å gjennomføre lokale RE-ORG-prosjekt. Medoden eignar seg best i tilfelle der lokala i seg sjølv kan vere gode nok, men der det manglar system og oversyn. Mange magasin er så dårlege at einaste løysing er å flytte gjenstandane til eit betre lokale, og i slike tilfelle er ikkje RE-ORG løysinga. Metoden erstattar heller ikkje behovet for nytt fellesmagasin.