Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



RE-ORG

Publisert den 27.03.2020 - 14:14
27.03.2020 - 14:14

 

Museumssamlingar verda over veks i raskt tempo, men ressursane til å bevare dei har ikkje hatt ein tilsvarande vekst. Svært sjeldan blir kostnadene med bevaring vurdert når gjenstandar vert samla inn. Magasina har ofte også mangelfull brannsikring og eit klima der fukt, dagslys og skadedyr har fått lov å gjere skade på gjenstandane over tid. Katalogar og register er ofte ikkje utfyllande, gjenstandar er stua tett saman og kan lett forvekslast med andre ting som blir oppbevart i magasinet: utrangert kontorutstyr, utstillingsutstyr, tilsette sine private gjenstandar og ting som er stua vekk inntil vidare. Svært ofte ser ein at det er uklåre ansvarsforhold, og dei tilsette manglar oversyn over kva som finst.

Slike samlingar blir av UNESCO definert å stå i fare for å bli heilt øydelagde, men ofte kan mykje reddast med nokså enkle grep. UNESCOs International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) har difor utvikla ein metode for å omorganisere museumsmagasin for at gjenstandar og samlingar skal bli betre bevart og få forlenga levetida si. Metoden, kalla RE-ORG består av fire steg: Dei to første stega er analytiske ved at ein definerer omfanget av problemet, og kartlegg kva som skal til for å løyse det. I dette ligg ei vurdering av tilstanden på magasinet når det gjeld klima og sikring, men også inventar som hyller, skuffer osv. Ein må også kartlegge kva ressursar ein treng både når det gjeld mannskap, verktøy og eventuelle innkjøp. I tredje steget skal ein lage planen for ny organisering av magasinet medan fjerde steg er den praktiske gjennomføringa av planen. Du kan lese meir om RE-ORG her https://www.iccrom.org/section/preventive-conservation/re-org

Bevaringstenestene hjelper musea til å gjennomføre lokale RE-ORG-prosjekt. Metoden eignar seg best i tilfelle der lokala i seg sjølve kan vere gode nok, men der det manglar system og oversyn. Mange magasin er så dårlege at einaste løysing er å flytte gjenstandane til eit betre lokale, og i desse situasjonane er ikkje RE-ORG løysinga. Metoden erstattar heller ikkje behovet for nytt fellesmagasin.

Tekstilmagasin før og etter re-org.jpg

Tekstilmagasin før og etter re-org.