Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Om konservering

Har du ein gjenstand som treng konservering? 

Vi tilbyr konservering av ei rekkje materialtypar, mellom anna metall, tekstil, skinn, tre og bein. I tillegg gir vi råd og rettleiing om forebyggande konservering. Vi kan også utføre sanering av gjenstandar som er angripne av insekt, anten med frysing eller varmebehandling. 

 

Vi har utført oppdrag for museum, kyrkjer, offentlege aktørar og privatpersonar. Vi utfører tilstandsvurderingar og konserveringsoppdrag i heile landet, og er eit av konserveringsateliera med lengst erfaring på oppdragskonservering i Norge. 

 

Vi har utarbeida kursopplegg om trygg handtering av gjenstandar og tekstilar, og kurs om system for kontroll av vanlege skadedyr i museum (IPM). Kursopplegga går over ein eller fleire dagar. I tillegg heldt vi på å utarbeide eit kurstilbod om plast og eit om mugg som kjem i løpet av hausten 2020. 

 

Vi på Bevaringstenestene ønskjer å gjere vårt ytterste for at dine gjenstandar skal verte behandla på best mogleg måte. Dersom du har ein gjenstand du ønskjer å få konservert, send oss gjerne ein e-post med nokre foto av gjenstanden din til bevaringstenestene@muho.no 

 

Her kan du finne meir informasjon om våre tenester og tilbod: 

   -Varmekammer 

   -Frysekammer 

Kurs 

 

06.08.2020 - 10:04