Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Nytt fellesmagasin for musea i Hordaland

Publisert den 07.08.2020 - 10:18
07.08.2020 - 10:18

Nytt fellesmagasin for musea i Hordaland 

Bevaringstenestene har på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune leia arbeidet med å greie ut nytt fellesmagasin for dei konsoliderte musea i fylket. Rapporten «Fullt hus! Utgreiing av nytt fellesmagasin for musea i Hordaland» kan lastas ned her.  

Konklusjonen frå prosjektet er at magasinet bør etablerast i eit nybygg som er designa for lagring av museumsgjenstandar. Bygningen må vere eit lågenergibygg som ivaretek miljømessige aspekt på same tid som det er eit funksjonelt magasinbygg. Dette er i tråd med erfaringar frå andre europeiske land, der det viser seg alltid å være mest lønsamt å bygge nybygg både når det gjeld investering og drift. Anlegget må ligge sentralt til og vere tilgjengeleg; dvs nær dei fleste brukarane, enkel tilkomst for gjenstandar og nær det etablerte fagmiljøet i Salhus. 

Planane for nytt magasin vart presentert for medlemmane i Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) den 19. mars 2019 og saka vart handsama i Hovudutval for kultur, idrett og integrering den 12.11.2019, deretter i Finansutvalet den 13.11.2019 og fylkestinget for Vestland fylke 17.12.2019.  

 

 

Bakgrunn 

Under planlegginga av dei noverande fellestenestene i Salhus, vart det presisert at dette berre var ein start for å dekke musea sine samla magasinbehov (Plan for fellestenester for musea i Hordaland, som vart vedteken i 25.5. 2000). Dei eldre, verneverdige bygningane har tekniske og strukturelle hindringar (m.a. takhøgd og bereevne) som gjer at det ikkje er plass til store gjenstandar her. Etter at musea har fått dekka dei mest prekære behova for gjenstandar av mindre format, er det no dei store gjenstandane som t.d. båtar, hestevogner, maskiner og store møblar som står for tur.  

 

Prosessen 

Ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Hordaland museumslag har vore deltakarar i prosjektet, som har vore leia av Museumssenteret i Hordaland ved direktør og avdelingsleiar ved Bevaringstenestene. Denne breie forankringa har vore sentral for å få til ei felles forståing av dei store utfordringane musea står overfor, og dermed få til ei semje om eit felles mål. 

 

I starten av prosessen har Bevaringstenestene i samarbeid med Bymuseet i Bergen gjennomført ei undersøking av dei magasina musea i fylket har. Resultatet av undersøkinga har vore retningsgivande for arbeidsgruppa sine drøftingar. Gruppa har hatt møte der ulike tema har vore førebudd i forkant.  

 

Planen har vore presentert for direktørane ved dei konsoliderte musea i Hordaland ved fleire høve, og seinast på Regionalt museumsleiarmøte 18.september 2019. Rapporten «Fullt hus!» vart også sendt ut til direktørane ved dei konsoliderte musea 22.2.2019 slik at dei kunne kome med skriftlege innspel til planen. Planane om nytt magasin har vore tema på møta i Samlingsrådet for musea i fylket.  

 

Magasinbehovet 

Undersøkinga omfatta berre dei magasina musea sjølv definerte som ikkje eigna til oppbevaring av gjenstandar på permanent basis, og faktorar som fysisk sikring, brannsikring og klimaforhold har vore vurdert. Gjennomgangen vart gjort ut frå fire kriterium for magasinstandard frå best (1) til ueigna (4). 

 

Resultatet av undersøkinga viser at ingen av magasina som er vurdert av musea sjølv kvalifiserer til 1 Best. Lokala der dei store gjenstandane blir oppbevart er ofte hus der magasinformålet er sekundært, dette kan dreie seg om kulturhistoriske bygg i eit museumstun eller leigde lokale andre stader. Felles for dei aller fleste av bygningane som er i bruk som magasin for store gjenstandar, er at dei ikkje er brukande til dette. Dermed står viktig gjenstandsmateriale i fare for å forvitre innan svært få år. 

 

I museumsmiljøet i Hordaland er det semje om at det einaste svaret på desse utfordringane er eit nytt fellesmagasin, og sjølv med ein situasjon der ein del av dei store gjenstandane er i så dårleg stand at dei vanskeleg kan bevarast, viser status at det er behov for 9100 m2 nye magasin. Dette arealet er etter at musea har føreteke prioriteringar i samlingane, der dei gjenstandane som har blitt øydelagde av dårlege magasin har gått ut av samlingane. 

 

Konklusjon 

Eit nytt magasin må sjølvsagt ha plass til å ta imot store gjenstandar som småbåtar, hestevogner, brannbilar og store møbel. I tillegg må det kunne gjennomførast tiltak mot skadedyr, som eit stort fryserom og eit permanent rom for varmebehandling. Anoksibehandling, som er den mest skånsame for gjenstandane bør også vere eit tilbod. Ein annan konklusjon er at det trengs lokale for konservering av desse store gjenstandane og for konservering av materialtypar som i dag ikkje er mogleg å leggje til rettes for i Salhus.