Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ledig konservatorstilling i 100% prosjektstilling i 1 år med moglegheit for forlenging

Publisert den 03.08.2018 - 10:17
03.08.2018 - 10:17

Bevaringstenestene søkjer konservator i 100% prosjektstilling i 1 år med moglegheit for forlenging

Vi søkjer konservator i 100 % stilling til arbeid med førebyggande konservering ved dei konsoliderte musea i Hordaland.

Bevaringstenestene er ei felles bevarings- og konserveringsteneste for dei ti konsoliderte musea i Hordaland, og er ei avdeling i Museumssenteret i Hordaland. Vi har spisskompetanse innan konservering av tekstil, metall, tre, møbel og andre kulturhistoriske gjenstandar, og har brei erfaring innan førebyggande konservering. Vi har ansvar for eit fellesmagasin, og er i ferd med å planlegge nytt magasin mellom anna for store gjenstandar. Bevaringstenestene tek oppdrag for eksterne kundar.

Avdelinga skal ta i bruk eit nytt mobilt varmebehandlingskammer i container til behandling av skadedyr på gjenstandar. Kammeret kan flyttast mellom musea i fylket. Vi lyser difor ut ei 100 % prosjektstilling i eit år som skal prøve ut og planlegge drifta av kammeret saman med våre konservatorar. Andre aktuelle arbeidsoppgåver er reingjering og tilstandsvurdering av gjenstandar, kontroll av skadedyr i samlingane, pakking for magasin eller transport og registrering i Primusdatabasen.  

Det må påreknas noko reiseverksemd.

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor eller master som konservator. Søkjar med utdanning innan kulturhistoriske fag frå universitet eller høgskule med relevant praksis frå museum vil bli vurdert
  • Relevant arbeidserfaring
  • God digital kompetanse
  • Erfaring med arbeid i database som til dømes Primus er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk eller eit skandinavisk språk.
  • Du må ha førarkort for personbil (Klasse B). Bevaringstenestene disponerer bil.  

 

Personlege eigenskapar

  • Vere fleksibel, nøyaktig, systematisk og tolmodig
  • Kunne arbeide som del av eit team, men og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit god arbeidsmiljø og inspirerande kollegaer
  • Tenestepensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Løn etter avtale

Arbeidsstad:

  • Bevaringstenestene, Salhusvegen 201, Salhus

Nærare opplysningar kan du få ved å kontakte avdelingsleiar Torunn Kojan Bøe, tlf.: 55251087/90920987 eller e-post: torunn.boe@muho.no

Det skal nyttast fastsett søknadsskjema med CV. Du finn søknadsskjemaet på www.muho.no eller ved å venda deg til Museumssenteret i Hordaland på tlf. +47 55 25 18 02 eller e-post: post@muho.no

Søknadsskjema finn du her. Søknadsfrist: 1.september  2018