Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Kurs i tekstilhandtering

Publisert den 04.01.2018 - 12:42
04.01.2018 - 12:42

Bevaringstenestene tilbyr kurs i handtering og av pakking

av tekstilar den 26. januar kl. 09-15

Kurset vil bli holdt av tekstilkonservatorar og vil bestå av ein teoretisk del på formiddagen og ein praktisk del på ettermiddagen med demonstrasjon av ulike måtar å pakke tekstilar på.

Deltakarane får sjølv forsøke å rulle, polstre og pakke tekstilar under rettleiing fra oss.

Vi håpar det er interesse for eit slikt kurs, og trur det kan vere av stor praktisk nytte for alle som må håndtere tekstilar i sitt arbeide.

Kurset har plass til 10 deltakarar, men dersom det er stor interesse, kan vi gjerne sette opp fleire kursdagar.

 

Påmelding eller spørsmål:
Kontakt Ida Areklett Garmann
iag@muho.no / 55251184

Pris: kr 150,- inkl. lunsj
Stad: Bevaringstenestene
Salhusvegen 201, 5107 Salhus

Påmeldingsfrist: 19.1.2018