Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



IPM-kurs, integrert skadedyrkontroll

VI tilbyr kurs i IPM (integrated pest management), oversett til integrert skadedyrkontroll på norsk. Dette er ei heilskapleg tilnærming for å få oversikt over skadedyr i museet, og for å få bukt med problema. Nøkkelprosedyrar i IPM er å identifisere sårbare områder, identifisere skadedyra som er i museet, inspisere og kartlegge situasjonen, redusere risikoane og løyse problema med tiltak som reingjering og rydding, samt blokkering av skadedyra sin tilkomst og sanering av angripne gjenstandar. 

Kurset har ein teoretisk del, med praktiske øvingar etter kva bolk, og vert avslutta med ein runde i museet, der vi leitar etter insekt og ser på områder som er sårbare for angrep.  

Målet med IPM er å få kontroll på skadedyra, og bekjempe dei utan bruk av giftstoff. 

 

Kontakt oss:

Telefon: 909 20 987 / 916 96 465 (generelle spørsmål)

06.08.2020 - 10:22