Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Insektssanering

06.08.2020 - 10:17

I tillegg til konservering og bevaring utfører Bevaringstenestene insektssanering både for museum og private kundar. 

Mange kulturhistoriske gjenstandar har fått skader som følgje av insektaktivitet. Larvane til treborande insekt kan ete opp store delar av tregjenstandar, og møllarvar kan øydeleggje tekstilar.  

Bevaringstenestene brukar frysing eller varmebehandling som metode for skadedyrsanering. Vi frys gjenstandane til -320C i 5 døgn, eller behandlar dei i varmekammer på max temperatur ca 55 grader (holdetid ca 1 time) med jamt nivå av fukt i lufta for å hindre oppsprekking av material. Oppvarmingsfasen og nedkjølingsfasen skal gå langsomt, så ei varmebehandling tek om lag 1 døgn, inkludert lasting og tømming av kammeret. Begge metodane tek livet av alt av egg, larvar og vaksne insekt. 

Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod.