Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Frysetenester

22.02.2017 - 13:31

I tillegg til konservering og bevaring utfører Bevaringstenestene frysetenester både for museum og private kundar.

Mange kulturhistoriske gjenstandar har fått skader som følgje av insektaktivitet. Treborande insekt kan ete opp store delar av tregjenstandar, og møll og andre insekt lever av tekstilar og legg også igjen egg som blir til larvar på eit seinare tidspunkt.

Bevaringstenestene brukar frysing som metode for skadedyrsanering. Vi frys gjenstandane til -32OC i 5 døgn for å sikre at både insekt, egg og larvar døyr.

Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod.

 

For rettleiing for pakking av gjenstandar for frysing, sjå vedlegg:

PDF icon PAKKE GJENSTANDER FOR FRYSING.pdf

PDF icon PACKING OBJECTS FOR FREEZING.pdf