Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Fagdagane 2020 Samlingar på flyttefot

05.08.2020 - 11:30

Fagdagane 2020 Samlingar på flyttefot Den 13.-14. februar 2020 vart det gjennomført vellukka fagdagar om samlingar på flyttefot. Arrangementet var holdt på KODE 1. Fagdagane var opne for påmeldingar frå heile landet, og til saman var det 120 påmeldte, det høgaste talet påmeldte vi har hatt på fagdagar arrangert av Bevaringstenestene. Det vart også holdt ein workshop for ei mindre gruppe deltakarar, leia av Joachim Huber frå det sveitsiske firmaet Prev-Art, som også holdt det første foredraget. Huber har brei erfaring med planlegging av magasin, og er ein svært pedagogisk og inspirerande foredragsholdar.

Fagdagane gav mykje ny og praktisk kunnskap om eit tema som er svært aktuelt for mange museum. Mange planlegg eller bygger nye magasin, og deling av erfaringar kring flytting av samlingar på ein god og forsvarleg måte er nyttig for både store og små museum. Fagdagane gav gode innspel både om ein planlegg store prosjekt der det inngår nye magasin, eller om ein står foran mindre interne flyttar. I løpet av dei to dagane var det også høve for deltakarane å utveksle eigne erfaringar og bygge nettverk. Det vart også arrangert konferansemiddag på resturanten Villani i Skostredet, der 89 av deltakarane var med.

PDF icon Program - Seminar 2020_v4.pdf