Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Fagdagane 2017

26.01.2017 - 11:20

Fagdagane 2017 vart arrangert 19. og 20. januar 2017.

Her finn du program, informasjon om foredragshaldarar og presentasjonar frå fagdagene. 

 

Om fagdagane 2017:

Bevaringstenestene fyller 10 år, og markerer jubileet med ein fagdag om farlege stoff i museumssamlingane. Fagdagen blir arrangert i samarbeid med Norges Museumsforbund, seksjon for samlingsforvaltning og Norges Konservatorforbund (NKF-N). 

Utstoppa dyr, gamle tapet, ausekar, speglar, gamle komfyrar, røntgenapparat og fiskegarn er gjenstandar som finst ved mange museum. 

Det har til no vore lite medvit om at desse gjenstandane kan vere ein helserisiko for både publikum og tilsette. Dei kan òg skade resten av samlinga. Gjenstandane kan vere sett inn med plantevernmidlar og andre kjemiske stoff for å motverke skadedyr. 

Ein gamal komfyr kan innehalde asbest, det kan vere giftige pigment i eldre tapet, og ein spegel kan innehalde kvikksølv. Ofte er desse gjenstandane ein viktig del av musea sine samlingar, og dei skal difor takast vare på sjølv om det kan innebere ein helserisiko.  

Fagdagen skal gjere tilsette ved museum og andre kulturarvsinstitusjonar bevisst på utfordringa med potensielt farlege stoff i samlingane. Dei skal settast i stand til å identifisere potensielle farlege gjenstandar og situasjonar.  Vi ønskjer og å vise måtar å magasinere potensielt farlege gjenstandar på slik at dei ikkje utgjer ein risiko.   

 

Presentasjonar: 

 

Litteratur og nettlenker:

Image: