Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Fagdag 2014

06.11.2014 - 08:37

Det årlege Fagdagen som fann stad på Bryggens Museum 21.11.2014 tok denne gongen for seg stell og vedlikehald av historiske bygningar og interiør. Fire foredragshaldarar presenterte både eigne erfaringar og forskingsresultat, og delte mange gode tips og råd.

Fyrst ute var malerikonservator Jon Brænne med temaet ”Husets overflater. Vern, vedlikehold og overflatebehandling”. Brænne synte mange døme på skader etter bruk av sparkel, og tipsa m.a. om å dekke spikerhol med ein fyrstikkbit i staden for å sparkle. Vidare forelas han om historiske målingstypar basert på tørrpigment i bindemiddel av animalsk lim og linolje, og korleis målarane nytta desse for å få fram eit stort spekter av fargar og glansgrad med eit avgrensa utval pigment. Det var ikkje før utover 1900-talet at ferdigprodusert måling kom i handelen, og at dekormåling av overflater vart noko for einkvar. Etterkvart kom det ei lang rekkje forskjellige produkt på marknaden. Brænne avslutta med å fortelje litt om si tilnærming i konserverings- og restaureringsarbeid, og framheva fordelen ved å bruke dei same materialane i restaurering som i det originale, då desse har dei same aldringsprosessane og kjent vedlikehald.       

Den neste på programmet var Helen Lloyd, rådgjevar innan førebyggjande konservering for The National Trust i Storbritannia. Lloyd har forska på kva effekt publikum har på støv i historiske samlingar. Resultata viste at 80% av støv og skitt som besøkande fører med seg er knytt til skoa, og dette er grove smusspartiklar som vert liggjande på golvet. Dette problemet kan reduserast betrakteleg med rister og dørmatter framfor inngangsdørene. Vidare viste det seg at støv frå besøkande i hovudsak vart liggjande på gjenstandane i høgda mellom 0,8 og 1,5 m opp frå golvet, men at støvmengda var halvert når gjenstanden sto minst 1,5 m frå publikum. Lloyd tilrådde derfor å plassere avsperringar minst 1,5 – 2 m frå utstillinga, og å nytte transparente barrierar i tronge rom. Støv som vert liggjande på gjenstanden lenge vil etter kvart bli vanskelegare å fjerne, både på grunn av biologiske og fysiske faktorar. Gode reingjeringsrutinar tilpassa den einskilde samling er derfor særs viktig i vedlikehaldet av historiske interiør.      

Lisa Nilsen, som er konservator med spesialisering innan ”housekeeping”, understreka i sitt innlegg kor viktig det er at dei som oppheldt seg i historiske miljø ikkje gløymer kvar dei er. Ein kan vere spart for mange skader med ei bevisstgjering av dei tilsette omkring kva som skapar slitasje, og ei påminning til dei besøkande om kva omsyn dei må ta. Eit døme på sistnemnde er å leggje ved ei oppmoding om å bruke sko med hæl som er større enn eit kronestykke i invitasjonen til gjestar som skal på arrangement i historiske hus med golv som ikkje toler stilletthælar. Førebyggjande tiltak handlar på det  administrative planet om tiltak som til dømes spesifiserte ansvarsforhold, dokumentasjon av gjenstandar og interiør, og å ha lister over og avtaler med ekspertar. På det praktiske planet kan enkle tiltak ha stor effekt, som til dømes lysskjerming, filtknottar under møblar, glasplater på bordflater og underlag under tepper. Dessutan er ein ”duppeditt-skuff”, der alle lause delar vert samla opp og tatt vare på, alltid kjekk å ha!

Avsluttande talar var Sigurd Sandmo, direktør for Komponistheimane i KODE, som fortalde om arbeidet med forvaltninga av Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Villaen frå 1885 vart opna som museum i 1928. Dette er eit av dei mest besøkte musea i Bergen, og i periodar har opp mot 130.000 gjesta museet årleg, noko som førte til ein uheldig balanse mellom bevaring og bruk. I tillegg til å vere museum har villaen også vore nytta som representasjonsbustad m.a. ved kongelige besøk. I 1985 vart det sett opp eit moderne museumsbygg med konsertsal på området, og det å skape gode opplevingar i andre bygg enn villaen er viktig i museet sin strategi for berekraftig formidling. Denne inkluderer også tiltak som god bemanning og fysisk sikring, profesjonalisering av rutinar og bevisstgjering av tilsette, og kopling mellom formidlings- og tilsynsoppgåver. Det å gje forvaltningsarbeidet ein formidlingsdimensjon vart også framheva, og eit døme på dette var når det måtte leggjast nytt tak på villaen. Stillas rundt bygningen midt i høgsesongen var naturleg nok ikkje ideelt, men god formidling til dei besøkande, både frå tilsette og gjennom skilting, gjorde at publikum fekk ei forståing for arbeidet som vart utført.                    

 

Programmet for fagdag 2014.

Presentasjon av foredragsholderne.

 

Foredragene: