Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

FAGDAG 2013 – SIKRING OG FORSIKRING

10.02.2014 - 09:52

Den 8. november 2013, arrangerte Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland fagdag på teamet «Sikring og forsikring». Målet med denne dagen er å sette fokus på viktigheten av å sikre samlingane våre, både ved gode rutiner og fysisk sikring, men også ved å vere bevisste på kva museumsforsikringa eigentleg dekkjer.

Bevaringstenestene, som heldt til på Salhus, driv fellestenester innen konservering og magasinforvaltning for alle dei konsoliderte musea i Hordaland. I tilleg driv vi ei ekstern verksemd med konserveringsoppdrag, med kundar frå heile landet. Vi tilbyr både gjenstandskonservering og tekstilkonservering, og har bygd oss opp til å vere eit nasjonalt kompetansesenter innan tekstilkonservering. Det er no fjerde år på rad at vi arrangerar fagdag. I 2010 var temaet muggsopp, i 2011 tok ein for seg skadedyr i samlingar og museum, og i 2012 var temaet lys og korleis lys påverkar gjenstandar.

I år hadde vi fem foredrag på områder som på ulike måtar rører ved temaet «Sikring og forsikring». Knut Ormhaug, som er kunsthistorikar og leiar av forvaltningsavdelinga i KODE, vart først ut. Foredraget dreia seg om erfaringar knytt til dei to innbrota på KODE i 2010 og i 2013, og tiltak som vart gjennomført i tilknyting til desse hendingane. Neste foredrag var av Lisa Nilsen, som arbeider som freelance konservator, med fokus på preventiv konservering. Nilsen tok for seg enkle tiltak ein kan gjere for å betre tryggleiken, og gav også innføring i korleis ein bør forberede seg, slik at ein er rusta til å takle eventuelle katastrofer som kan oppstå, som til dømes brann, tjuveri eller oversvømming. Deretter holdt Arne Røed Simonsen fra Næringslivets Sikkerhetsråd eit foredrag om korleis ein kan kombinere sikkerhet og åpenhet i musea. Dette er eit viktig tema, ettersom musea skal vere åpne arenaer, som skal vere til for publikum, men samstundes sit musea med ansvaret for samlingane, og må sikre desse på ein tilstrekkjeleg god måte. Johannes Råen, som er politioverbetjent i Hordaland politidistrikt hadde så eit foredrag som dreia seg om politiet sitt arbeid i ved kunstkriminalitet, med innbrotet på KODE i år som døme. Tilslutt fekk vi høyre eit foredrag av Espen Gramsett og Alexander Vinstnes fra KLP forsikring. Her fekk vi ein gjennomgang av KLP si museumsforsikring, som skal vere tilpassa dei særskilte behova musea har.

I tillegg til fordraga, hadde vi også tre firma som hadde stand, Relacom, Glasbau Hahn og Skansen consult. Relacom er forhandlar av Piccolo alarmar og alarmsystem. Glasbau Hahn er eit firma som byggjer montrar. Skansen consult er eit rådgjevande ingeniørfirma som har spesialisert seg på brannteknikk og relaterte områder.

I år hadde vi 67 deltakarar, medrekna foredragshaldarar og utstillarar som deltok på dagen. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei som var med, og seier oss godt nøgde med dagen.

PDF filer

Program og påmelding