Tid: Søndag 28.oktober 2012 kl 12:00 – 15:30
Sted: Bevaringstenestene, del av gamle Salhus Tricotagefabrikk, Salhusvegen 201
Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland konserverer og tek vare på gjenstandar frå alle musea i Hordaland. I tillegg utfører vi ei rekkje eksterne konserveringsoppdrag. Høgt kvalifiserte konservatorar utfører førebyggjande og direkte konservering av gjenstandar for å sikra denne delen av kulturarven for ettertida. Søndag 28. oktober held Bevaringstenestene opne konserveringsatelier der publikum kan få innblikk i ein viktig del av museumsarbeidet som ikkje er ein del av den daglege formidlinga.
Er du nysgjerrig på korleis vi tek vare på gjenstandane?
Bli med på omvising i Bevaringstenestene!
kl 12.00 – 12:15 Velkomen! Enkel servering
kl 12:15 – 13:15 Kva gjer ein konservator?
Omvising i dei opne ateliera:
Kulturhistorisk-, tekstil- og dokumentasjon
kl 13:30 – 14:30 Foredrag:
kl 13:30 – 14:00 Teppet som overlevde..
«Vi lever på en stjerne» – Hannah Ryggen
Om konservering av biletteppet frå Regjeringsbygget
ved tekstilkonservator Ida Areklett Garmann
Kl 14:00 – 14:30 Baroniet i Rosendal – 350 år gamalt unikt tekstiltapet endeleg sikra
Om konservering av det internasjonalt svært sjeldne tapetet frå ca 1660 åra
ved avdelingsleiar Inger Raknes Pedersen
kl 14:45 – 15:30 Spør ein konservator:
Har du arvestykke eller antikvitetar som du er usikker på
korleis du best mogleg kan ta vare på?
Ta det med til oss og spør ein konservator!
Pris: Vaksne/honnør/student kr 30, born gratis.
Arrangementet er ein del av Kulturfest Åsane 2012







