
Tid: Søndag 23.oktober 2011
Stad: Bevaringstenestene, del av gamle Salhus Tricotagefabrikk
Salhusvegen 201
Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland konserverer og tek vare på gjenstandar frå alle musea i Hordaland. I tillegg utfører vi ei rekkje eksterne konserveringsoppdrag. Høgt kvalifiserte konservatorar utfører førebyggjande og direkte konservering på gjenstandane for å sikra denne delen av kulturarven for ettertida. Søndag 23. oktober held Bevaringstenestene opne konserveringsatelier der publikum kan få innblikk i ein viktig del av museumsarbeidet som ikkje er ein del av den daglege formidlinga.
Er du nysgjerrig på korleis musea tek vare på gjenstandane sine?
Bli med på omvising i Bevaringstenestene!
kl 12.00 – 12:15 Velkomen! Enkel servering
kl 12:15 – 13:00 Kva gjer ein konservator?
Omvising i dei opne ateliera: Kulturhistorisk-, tekstil- og dokumentasjon
kl 13:15 – 14:00 Foredrag: Korleis bevare 250 år gamle tekstilar?
Eit stort konserveringsoppdrag er sluttført og konservatorane
Jaana Kataja og Maren Jensen Midtdal fortel og syner bilete.
kl 14:15 – 15:00 Spør ein konservator:
Har du arvestykke eller antikvitetar som du er usikker på
korleis du kan ta best mogleg vare på?
Ta det med til oss og spør ein konservator!
kl 15:00 – 15:45 Omvising i ateliera: Kva gjer ein konservator?
kl 16:00 Døra vert stengd og alarm sett på
Pris: Vaksne/honnør/student kr 30, barn gratis.
Arrangementet er ein del av Kulturfest Åsane 2011.






