Bevaringstenestene

Bevaringstenestene yter service for musea i Hordaland innan konservering og samlingsforvaltning, og har omfattande kompetanse på området

Konservering
Bevaringstenestene har høg kompetanse innan tekstilkonservering og har som mål å vere eit nasjonalt senter på området. Bevaringstenestene utfører også konservering på andre materialtypar. Ei veksande ekstern kundegruppe har også nytte av våre konserveringstenester.

Samlingsforvaltning

Bevaringstenestene tilbyr musea i Hordaland magasin av høg kvalitet. Fellesmagasinet er oppretta for gjenstandar av eineståande regional interesse. Det pågår no eit revitaliseringsprosjekt der gjenstandssamlingane vert digitaliserte før innflytting på Fellesmagasinet. I tillegg gir Bevaringstenestene rettleiing innan ulike aspekt av samlingsforvaltning.

Stort konserveringsoppdrag – Mariakirken i Bergen

Mariakirken vart oppført i fyrste halvdel av 1100-talet, og er i dag den eldste bygningen i Bergen. Kyrkja er bygd i mur, og innvendig er den svært rikt utstyrt og har eit praktfullt interiør. Dette skuldast mellom anna at Mariakirken [...]

Gjenstandskonservator – ledig prosjektstilling 1 år

Bevaringstenestene søkjer etter samarbeids- og resultatorientert medarbeidar og lyser ut prosjektstilling som gjenstandskonservator for 1 år frå august/september.

I BA søndag 21. april 2013

                  Se arikkelen i PDF her: Her er alle vel Bevart

Spennande samlingsarbeid for musea

Ved Bevaringstenestene utfører vi eit omfattande arbeid for  samlingane som musea i Hordaland eig. Det viktigaste gjenstandsmaterialet vert henta fram frå museumsmagasina, og all tilgjengeleg informasjon om gjenstandane vert lagt inn i ein sentral database. Vidare vert gjenstandane fotograferte, og [...]

Hannah Ryggens billedvev «Vi lever på en stjerne»

Etter eksplosjonen i Regjeringskvartalet 22. juli 2011, kom Hannah Ryggens billedteppe «Vi lever på en stjerne» til Bevaringstenestene for konservering. Teppet hadde hengt i vestibylen i Regjeringsbygget. Då teppet kom var det fuktig, svært skittent og dekka av glasskår og [...]

Konservering av tre dekorative glaspanel frå Langhaugen skole i Bergen.

Langhaugen skole er frå 1962, og glaspanela er framstilt ved Hadeland glassverk etter Benny Motzfeldt sin design. Alle tre hadde gjennomgåande strukturelle skader og var i fleire større og mindre stykke. Det var begynnande algevekst og restar av lakk fleire [...]

Adresse

  • Museumssenteret i Hordaland
  • Avd. Bevaringstenestene
  • Salhusvegen 201
  • 5107 Salhus
not
Sjå større kart

Kontakt

Opningstider

  •  Grupper etter avtale.
  • Pris: kr. 30,- for vaksne. Born gratis
  • Open dag for publikum ein gong per år.