Opning av Between Coasts på Nordfjord folkemuseum, torsdag 6. februar

Between Coasts
Rasmus Sunde

Endeleg er utstillinga Between Coasts tilbake i Noreg etter eit år i USA. Første visningsstad er Nordfjord folkemuseum , og utstillinga opnar torsdag 6. februar. I lag med Gloppen Sogelag arrangerer museet ein temakveld om utvandring. Det blir både utstillingsopning, kaffistund og fordrag med Rasmus Sunde. Rasmus Sunde er historikar med mange år bak seg som førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har doktorgrad i migrasjonshistorie og har skrive fleire bøker om utvandring til Amerika.

I utstillinga får publikum høyre fleire forteljingar frå folk som har utvandra frå Sogn og Fjordane, mellom anna Rachel. Bestefaren hennar utvandra frå Vik til Iowa berre 20 år gamal.

Vi ønskjer oss fleire historier til nettutstillinga, og vi oppfordrar alle som har ei utvandringshistorie til å dele denne!
Utstillinga står på Nordfjord folkemuseum frå 8. februar til 23. mai 2014.