Om Vestnorsk utvandringssenter

Velkomen til Vestnorsk utvandringssenter (VUS) på Sletta i Radøy kommune. Ei lita kyrkje og fleire hus er henta frå USA og bygde opp att i eit vestnorsk bygdemiljø som ein gong var utgangspunktet for mange emigrantar til Amerika. VUS er resultat av lokalt frivillig engasjement og dugnadsarbeid. Senteret omfattar migrasjon og kulturmøte i fortid og notid i ein brei samanheng.

Kom til Sletta og utforsk emigrasjonshistoria gjennom våre bygningar, utstililngar og kulturarrangementer. Vestnorsk utvandringssenter ligger ein times kjøretur frå Bergen.

Vi ønskjer enkeltpersonar og gruppar velkommen til senteret, og tilbyr guida turer. Reserver gruppeomvising på e-post eller kontakt oss på telefon (+47) 55 25 18 09.

For oppdaterte opningstider, sjå nettstaden for museet

Besøksadresse
Vestnorsk utvandringssenter
5939 Sletta

www.muho.no/vestnorskutvandringssenter

Følg oss!
Instagram @utvandringssenteret
Twitter @utvandring