Om utstillinga

Between Coasts. Ei utstilling om vestlendingar i USA. Å forlate ein heim og finne ein ny mellom djupe fjordar og høge skyskraparar.

Kva førestillingar har ein om ein stad før ein reiser dit? Korleis er det å forlate ein heim og finne seg ein ny? I denne utstillinga møter du fjorten personer frå det norske vestlandet som har reist ennå lengre vest. Buande langs kysten har nordmenn på vestlandet vore nærare havet enn den norske hovudstaden, og med Atlanteren som den einaste grensa og forbindelsen med det Amerikanske kontinentet.

Historiene i utstillinga er stemmer frå ulike generasjoner med immigrantar, med forskjellige bakgrunnar og grunner for å reise. Tidsspennet viser òg forandringar i informasjon og kommunikasjon, og korleis dette har påverka emigrantane sine førestellingar om det nye landet.

Between Coasts er iverksatt og produsert av Vestnorsk utvandringssenter, Museumssenteret i Hordaland.
Prosjektleiar, tekstar, video og foto: Åshild Sunde Feyling Thorsen
Utstillingsdesign: Hanne Steien
Web: Said Bergn
Grafisk design: Jacob Lysgaard
Oversetting: Hanne Dale
Foto: Atle Ove Martinussen

Ønskjer du å vise Between Coasts i ditt distrikt? Kontakt oss på e-post for å huse utstillinga.