Solveig

Solveig
Solveig Simonsen. Kom til USA i 1959. Då Solveig kom til USA var ho berre ni år gammal, og ikkje var ho spesielt glad for å dra frå Noreg. Mora hadde reist saman med stefaren nokre år tidligare for å etablere ein heim i New York, og no var tida moden for at Solveig skulle kome og bu der og møte den nye veslesystera si. Men det var ikkje så enkelt for niåringen å dra frå besteforeldra som stod på land. Vel framme i New York var det vanskeleg å få dreisen på det nye språket ho skulle nytta på skulen. Samstundes var det mange med norsk bakgrunn i nabolaget på Lapskaus Boulevard i Brooklyn. Heime vart det servert tradisjonelle norske rettar som nettopp lapskaus, kjøttkaker og fiskepudding. Solveig har halde fast på fleire av mattradisjonane frå Noreg, og reiser også «heim» til Skudenes nesten kvar sommar.
«Eg hugsar venene mine sa eg var heldig, for det var så mykje tyggegummi på gata i Amerika, og vi hadde ikkje tyggis i Noreg. Dei sa at eg kunne få all den tyggisen eg ville, fordi gata var brulagt med tyggis. Ikkje med gull, men med tyggis.»