Pauline

Pauline
Pauline Tønnesen. Kom til USA i 1959 Pauline vaks opp på Tofterøy ved Sotra utanfor Bergen. Ei tante i Chicago ville gjerne ha ho på besøk, og i 1959 fekk ho permisjon frå jobben på telegrafen for å dra til USA. Ho visste ikkje då at reisa med Oslofjord skulle bli starten på eit nytt liv, men etter tolv månader i USA fekk arbeidsgivaren heime beskjed om å tilsette ein ny person. Pauline reiste frå eit klassedelt samfunn i Noreg, der dei som snakka landsmål vart sett ned på. I USA opplevde ho å bli akseptert for den ho var. Etter framkomsten i New York, gjekk turen til tanta i Chicago der ho fekk arbeid i restauranten hennar. Seinare skulle ho reise til solfylte California og Palm Springs. Blant symjebasseng, flotte bilar og golfklubbar passa ho barna til songarinna Ginny Sims. Pauline og mannen hennar busette seg til slutt i Brooklyn, men dei vitjar stadig Noreg – mellom anna for å besøke ei dotter som har flytta dit dei seinare åra.
«Du veit, på den tida var det veldig amerikafeber i Noreg. Det var jo ikkje så mange år etter krigen og Amerika var veldig ettertrakta. Alle ville til Amerika.»