Norman

Norman Jensen
Norman Jensen, fødd i Brooklyn 1940. Faren kom frå Bergen og utvandra til USA på eit ukjent tidspunkt. Besteforeldra til Norman budde i Bergen. Dei gifta seg i Korskjerka, bestefaren arbeidde som trikkeførar og dei hadde adresse i trikkebyen på Møhlenpris. Faren til Norman fekk òg seg jobb som trikkeførar. Men på eit tidspunkt forlèt han Bergen, sannsynlegvis til sjøs. Norman blir fødd og veks opp i Brooklyn. Då foreldra hans ikkje er spesielt opptekne av dei skandinaviske røtene sine, snakkar dei ikkje norsk heime og han får lite kjennskap til familien i gamlelandet. Han får likevel høyre språket når det er sjømenn på besøk – møte som ikkje alltid er like hyggjelege, då det er mange barar i nabolaget. Trass i eit mindre positivt forhold til landet fekk Norman for få år sidan ei gryande interesse for Noreg. Han fekk endeleg dra til Bergen, og med litt flaks og gode hjelparar har han no funne fram til ukjende søskenborn.
«Eg føler meg meir norsk. Meir enn amerikansk. Denne kjensla fekk eg nyleg, kanskje for ti–femten år sidan.»