George

George
Magnar Georg Hansen. Fødd i New York i 1929. Reiste til Molde i 1930, reiste tilbake til New York i 1947. Då Georg vart fødd i New York i 1929, arbeidde faren hans med å byggje dåtidas høgaste hus, Empire State Building. Han var heldig som hadde arbeid i dei dårlege tidene, og då mora til Georg blei alvorleg sjuk var det med tungt hjarte at han måtte sende både ho og den då eitt år gamle sonen åleine heim til Noreg. Etter kort tid i heimlandet døydde mora, og Georg vart oppfostra av besteforeldre og tanter i Molde før faren flytta heim frå USA. Den unge guten drøymde om å starte sin eigen revefarm, men då det kom ein skrytande norskamerikanar til heimstaden vart draumen snart bytta ut med amerikafeber. Vel framme i Brooklyn opplevde han den store straumen av norske immigrantar på denne tida, og eit norsk miljø i blomstring. Det var eit stort utval norske butikkar og kyrkjelydar, og fleire stadar i bydelen trengte ein ikkje andre språk enn dei skandinaviske. Nokre dialektar var betre representerte enn andre, og her fann Georg ho han kallar Sørlandets perle.
«Det kom ein norskamerikanar ute frå Midtvesten som ikkje hadde vore i Noreg på over tretti år, og han var så veldig god til å skryte! Kom eg til Amerika skulle eg få jobb, og alt var berre fint.» «Han laug ikkje, biletet var tatt på landstaden hans, men