Zona

Zona
Zona Mathison. Fødd i Minnesota. Heile familien til Zona reiste frå Noreg til USA på 1800-talet. Oldeforeldra forlèt garden Bratthola på Voss i 1856 og reiste til Wisconsin, der dei fortsette å livnære seg som bønder. Då dei begge døydde tidleg blei alle borna plassert hos forskjellige delar av slekta, og slik enda bestefaren til Zona i Iowa – der ho sjølv vaks opp. Foreldra til Zona kunne norsk, og norske mattradisjonar har stått sterkt i familien gjennom fleire generasjonar. Foreldra hennar fekk aldri moglegheit til å reise til Noreg, men for nokre år tilbake fekk Zona greie på at dei hadde slekt i Sogn. Ho har no vore I Noreg fleire gongar og held framleis kontakten, ikkje minst gjennom slektsforsking.
«Foreldra mine snakka norsk, men eg har aldri lært det. Eg lærte litt før vi drog til Noreg fyrste gongen, men eg fann ut at alle snakka jo så bra engelsk. Så etter det har eg ikkje brukt så mykje tid på å lære meg norsk.»