Rachel

Rachel
Rachel Ann Hiebert. Frå Moorhead, Minnesota. Bestefaren til Rachel kom frå Vik på sørsida av Sognefjorden, men berre tjue år gamal emigrerte han til Iowa. Då han kom dit i 1874 bytte han namn frå Hopperstad til Rosheim, då den massive emigrasjonen frå Sogn førte til at det var mange immigrantar med same namnet. Rachel har reist til Noreg fleire gongar, og då Vik feira 150-års jubileet for den første utvandringa frå kommunen, blei ho invitert med på feiringa og intervjua av NRK både heime i Minnesota og i Noreg. Det er ikkje så mange norske tradisjonar Rachel framleis held på i dag, men lutefisken før jul er framleis viktig.
«Lutefisken. Den er heilag. Den må ein ha. Og lefse. Eg lagar det ikkje lenger, men du får nydelege lefser i matbutikkane her.»