Per og Berit

Per and Berit
Berit og Per Brevig. Flytta til New York i 1965. For ekteparet Brevig har USA på mange måtar vore moglegheitenes land, men det var musikken som styrte dei i retning New York. Berit Brevig vaks opp i eit Bergen herja av krig, og lærte tidleg å ta ansvar. For den skuleflinke jenta var Amerika sjølve draumelandet, der ein kunne få ting til om ein berre arbeidde hardt nok. Denne førestillinga levde ho etter då ho i ung alder reiste til Baltimore for å studere. Etter halvtanna år reiste Berit attende til Bergen, der ho møtte han ho skulle gifte seg med. Per Brevig flytta frå Halden til Bergen for å spele i Bergen Filharmoniske Orkester, men den framstormande trombonisten var nyfiken på kva moglegheiter som fanst for vidareutdanning, og kvar dei beste alternativa var. Valet fall på New York, og saman med kona Berit reiste han dit på opptaksprøve til The Juilliard School. Studieopphaldet gav meirsmak, og i 1965 flytta dei dit for godt. For Per blei dette fortsetjinga på ein utruleg musikalsk karriere der han mellom anna spelte for The Metropolitan Opera i 26 år, tok ei doktorgrad i musikk og har delteke på Aspen Music Festival i ei årrekkje. Også Berit arbeidde med musikk gjennom stillinga hennar på generalkonsulatet i New York, og ekteparet har gjort mykje for å promotere norsk kunst og kultur i USA gjennom The Edvard Grieg Society.
«Nummer éin: det var moglegheitenes land, og to: landet med den høgste kvaliteten på musikalitet og utføring. Både den gongen og i dag.»