Lars

Lars
Lars Nilsen. Født i New York. Lars er ein ekte amerikanar: han er fødd 4. juli, og som ingeniør på Apollo-programmet er han delvis ansvarleg for å få menneske til månen. Men han har alltid vore omgitt av skandinavar. Familiemedlemmar på begge sider av slekta kom til Amerika frå Betne, ein liten stad i nærleiken av Kristiansund. I 1927 kom far hans med båt til New York, medan mora til Lars kom over i 1933, etter dei var gifte. I oppveksten tenkte aldri Lars at han var ein del av eit spesielt miljø, det var berre naturleg at omgjevnadane var skandinaviske. Dei snakka ikkje norsk heime, men heldt kontakten med gamlelandet gjennom brevskriving og fleire besøk. Skjebnen ville ha det til at han gifta seg skandinavisk, med ei jente frå Sverige, og han har med åra fått stor interesse for norsk-amerikansk historie i New York.
«Eg er i aller høgaste grad amerikansk. Eg blei fødd 4. juli, så eg er unekteleg amerikansk, men eg er òg stolt over å vere norsk.»