Håkon

Håkon
Håkon Vinje. Flytta til USA i 2003. Kva veit ein eigentleg om eit land før ein buset seg der? Sjølv om han kjende godt til USA, fekk Håkon seg ein del overraskingar då han flytta til New York. Etter ein to timars tur på butikken oppdaga han mellom anna at namn på matingrediensar ikkje er ein del av engelskpensumet i Noreg. Normer og høflegheitsfrasar var heller ikkje sjølvsagde. Samstundes har han hatt mykje kontakt med tredje generasjons norskamerikanarar, og oppdaga at det òg finst førestillingar om Noreg i Amerika som kanskje ikkje stemmer overeins med det moderne norske samfunnet. I dag arrangerer Håkon norskkurs på Manhattan, og brukar mange av sine eigne erfaringar i språkundervisninga.
«Mange i Noreg har meiningar om korleis det er å vere amerikanar basert på filmar og tv-seriar. Verkelegheita er ganske annleis.»