Evonne

Evonne
Evonne Anderson. Frå Moorhead, Minnesota. Det var berre den eldste broren som blei att på garden i Solvorn då oldemora til Evonne og dei andre søskena hennar reiste til Minnesota i 1862. Sannsynlegvis kom dei til Amerika av økonomiske grunnar, då garden dei vaks opp på var for liten til å livberge dei alle. Ho gifta seg med ein annan nordmann, og lærte seg aldri språket i det nye landet. Nokre generasjonar seinare er norsk bytta ut med engelsk, men Evonne har framleis ei sterk tilknyting til Noreg og har vakse opp med norske juletradisjonar. Saman med mannen besøker ho stadig venar og slekt i Noreg, og dei leiar også turar dit. Til saman har ho no besøkt landet meir enn tjuefem gonger.
«Vi hadde hatt kontakt med folk der borte, så vi forventa ikkje at dei skulle drive med folkedans under trea. Dei levde ganske likt som amerikanarar.»