Kirsten

Kirsten
Kirsten Brunes. Kom til New York i 1955 «Du veit aldri kva som kan skje», sa dei til Kirsten då ho var barn. Kirsten hadde frå barnsbein av ein stor interesse for dans, og dei store stjernene på kinolerretet lokka den fotogene Askøyjenta mot Amerika. Utferdstrongen hadde ho kanskje fått frå faren sin, som stadig var ute og reiste. Ho hadde dessutan tre onklar i Amerika, så kanskje var ikkje draumen heilt utenkjeleg? For å få råd til billetten med Stavangerfjord tok Kirsten seg jobb i Stockholm. Etter tre år i Sverige bestemte ho seg endeleg for å søkje om å kome til USA. Det skulle ta tre år før søknaden vart innvilga og ho kunne reise ut frå hamna i Bergen. Kirsten busette seg i New York. Her fekk ho oppleve fleire forskjellige nabolag og fekk mange gode venner frå heile verda. Sjølv om ho ikkje enda opp i Hollywood, fortsette ho å danse og var mykje på dei skandinaviske klubbane som var så populære på den tida. Og fotogen, det er ho enno.
«Det er klart det er skjønt når eg er heime…men eg har vore borte i så alt for lang tid. Og når eg har vore der ein stund, då blir eg rastlaus og så seier eg, nei no lengtar eg heim til New York. Sånn er det.»