Fakta

Amerikabåten Stavangerfjord. Foto: Anders Beer Wilse/Oslo Museum

Utvandring – frå Noreg til Nord-Amerika
V/ ASBJØRN YSTEBØ

Starten
Den norske utvandringa til Nord-Amerika vert jamt rekna attende til 4. juli 1825, den dagen då 52 dissidentar, vesentleg med kvekartru, tok ut frå Stavanger med sluppen «Restaurationen». Cleng Peersoon frå Tysvær var stifinnaren som leia dei til det landområdet han hadde funne i nord-vestre delen av staten New York i USA. Den hausten dei nådde hamn i New York, fall i tid saman med opninga av Lake Erie-kanalen, kanalen som opna for båtpassasje frå Hudson River v/ Albany og innover mot dei store innsjøane. Dermed vart dei norske mellom dei første som, i kanalbåtar – trekte med hestar- , drog vestover på denne nye transportåra. Frå Brockport tok dei nordover til Kendall ved Lake Ontario, der enno m.a. grunnmurane i huset til Cleng Peerson tener som fundament for eit seinare oppført våningshus.

Haust- og vinterver – i kombinasjon med ryddingsarbeid av stor skog- førte til eit altfor strabasiøst møte med det nye landet, og dei norske pioner-emigrantane kjende seg på ei vis mislykka. Endeleg fann vandringsmannen, speidaren og eventyraren Cleng eit nytt landområde, denne gongen lett tilgjengeleg prærieland og veleigna for dyrking . Det var i Norse Fox River, no kalla Norway, sør-vest av Chicago i staten Illinois. I 1834 flytta dei fleste «norskies» frå Kendall over hit, og ordet gjekk attende til gamlelandet om at her gav tilhøva, med god arbeidsinnsats, langt meir grunn til framtidsoptimisme.

Draumen brer om seg
Amerika-draumen var i emning i gamlelandet, ikkje minst gjennom brev frå den etter måten truverdige brevskrivaren Gjert Hovland. Amerika-brev vart avskrivne og spreidde, m.a. ved haugianarpredikanten Elling Sundve Eielsen, vossingen som på imponerande vis reiste Noreg rundt med forkynninga si, ei forkynning som stod i spenning til i konventikkelplakaten, som verna om den lutherske kyrkjelæra slik ho autorisert kom til uttrykk i den norske statskyrkja – overvaka av biskopar og prestar. Knud Slovig, som var ein av «slupparane» frå 1825, gjesta Stavanger og gamlelandet om våren i 1836. Hans heimkomst nørte opp under den gryande Amerika-draumen. Same året la så emigrantskipa «Norden» og «Den norske klippe» ut frå Stavanger, og året etterpå - også frå Stavanger- drog 93 emigrantar med skipet «Enigheden». Dette året, 1837, dreg det første emigrantskipet, «Ægir», ut frå Bergen med 84 emigrantar, dei fleste frå Samnanger, ein del frå Voss og nokre frå Hardanger. Dei nye emigrantane frå 1836 og 1837 søkte mot den «norske» etableringa i Norse Fox – området. Dei fleste av dei som kom med «Ægir» - hordalendingane – etablerte seg i nærleiken, i Beaver Creek i Illinois. Frå desse Norse-områda tok fleire seg etterkvart vidare til nye emigrantområde. Det skulle i ettertid gå ei linje herifrå til Iowa, Illinois, Minnesota, Missouri og jamvel heilt til Texas, der den stadig vandrande Cleng Peerson i 1854 medverka til at settlementet «Norse» vart etablert i Bosque County ved byen Clifton, ein by som i dag kallar seg «The Norwegian Capital of Texas». På kyrkjegarden ved den «norske» kyrkja Our Savior's Church ligg då også Cleng Peerson gravlagd. Med «Ægir» frå Bergen i 1837 følgde prestesonen Ole Rynning frå Snåsa. Før han døydde i 1838 hadde han ferdigstilt eit truverdig skrift om Amerika, «Sandfærdig Beretning om Amerika», mynta på nordmenn som tenkte på å dra. Skriftet vart spreidd i gamlelandet og kalla fram motet til å dra. Rynning vert såleis i ettertid rekna som ein viktig inspirator for mange til å emigrere.

Dei som reiste: religiøs usemje
Utvandringa frå Noreg kom seint i gang samanlikna med den frå andre nasjonar i Europa, men norsk utvandringssoge følgjer likevel same hovudmønsteret ved at to hovudårsaker stig fram:
1. søking mot sosial likestilling, og mot religiøs og politisk fridom
2. søking mot betre økonomiske tilhøve
Denne differensieringa kjem også til synes i ulike utvandringsperiodar, og når ein måler talet på registrete utvandrarar. Av dei totalt ca. 840.000 utvandra nordmennene som stig fram i ein avgrensa historisk bolk på noko meir enn hundre år frå 1825 av, reknar vi at eit klårt mindretal er drive av fridomsideala.

Utanom 1825-utvandringa frå Stavanger ser vi utover hundreåret at mange haugianarar dreg heimanfrå for å få eit friare rom for gudsdyrkinga si. Sameleis ser vi at mange læstadianarar også fer. Også religiøse dissidentar frå Troms søkjer ut av Noreg , til dømes dei som reiser med emigrantskipet «Sleipner» frå Bergen til USA i 1862. I Røldal bryt ein heil lokal kvekarkyrkjelyd opp i 1869, og går, i eit tal av 86 personar, inn i kvekarkyrkjelyden Stavanger Church i Le Grand / Dunbar-området i Iowa. Frå baptistsamfunnet i Verdal dreg det i 1882 ut 25 dissentarar etter leie opplevingar for skuld ” avvikande ” religiøse synsmåtar. Dei vert seinare pionerane for settlementet Powers Lake i Nord-Dakota, der dei også nyetablerer kyrkja si som The Norwegian Bethel Baptist Church. Marcus Thrane organiserte den første arbeidarforeininga i Noreg – i Drammen 27. desember 1848. Under den bibelinspirerte parolen «Enhver skal have efter sit Arbeide» skapte han ei landsomfattande rørsle med krav om rettvis betaling for utført arbeid. Rørsla førte til 30.000 medlemmer fram til 1851. Då vart Thrane fengsla, deretter dømt til tukthus for å vere ein fare for «rikets sikkerhet». Han sona 7 års fengsel før han kom ut, og emigrerte noko seinare til USA der han fekk rom for å utbreie tankane sine. Slik kan han stå som døme på dei som drog ut nettopp for å få fridom til bere fram politiske opposisjons-tankar i tråd med «freedom to speak» -idealet i USA. Fleire andre higa etter det fri-rommet dei kunne få i Amerika for å bere fram «det frie ord». Det gjaldt for føregangskvinnene i kampen for likestilling, Agnes Mathilde Wergeland og Elise Tvede Wærenskjold. Dei drog høvesvis til Wyoming og Texas der dei fekk realisere evner og draumar. Dei vart plogsapissar for kvinnesak, også med signal attende til gamlelandet.

Tre migrasjonsbølgjer
Masseemigrasjonen frå Noreg skyt fart med dei tre store utvandringsbølgjene som konsentrerer seg til ein 50-årsperiode, frå 1865 til 1915. Bølgjene er rekna slik: 1865-1873, 1880-1893 og 1900-1915. Vi reknar at 700.000 nordmenn (av totalt 840.000) utvandra i denne perioden – i det vesentlege av økonomiske grunnar. Vel veks folketalet i Noreg på 1800-talet, men no røyner det verkeleg i det landet som gir frå seg så mange av sine til Amerika. I Noreg når vi i 1820 eit folketal på 1.000.000 innbyggjarar– og i 1890 passerer vi 2.000.000. Mot denne bakgrunnen skjønar vi at utvandrarprosenten av nokon vert rekna til rundt 38% av alle nordmenn. I ei vurdering må vi også ta med at langt dei fleste som reiser, er i den alderen som gjev fødsel til neste generasjon. Dermed ser vi ein samanheng til at det snart vart like mange som rekna seg som «norske» i Amerika, som det var att nordmenn i Noreg. Av dei økonomisk motiverte utvandrarane frå Noreg, endar svært mange som farmarar. Masseutvandringa, som gjeld dei flest land i Europa, kjem i tid etter at borgarkrigen i USA er over i 1865, men viktigare enn det er truleg det store agnet som dei føderale styresmaktene i USA legg ut i 1862 for å dra til seg innvandrarar så dei kan få busett dei veldige prærieområda i Midtvesten. Agnet er «The Homestead Act», som vert underskriven av president Abraham Lincoln i 1862. Lova tildeler gratis jordbruksland – 160 acres, dvs. ca. 600 dekar - på vilkår av bu- og driveplikt i 5 år. Samstundes, også i 1862, er det ein ny teknisk revolusjon innom kommunikasjon i Amerika: Gjennom ny sluseteknikk kan havgåande båtar segle opp St. Lawrence-elva og dermed rett inn i dei store innsjøane. Den første emigrantbåten frå Europa som segla inn i «Lakene» direkte frå Atlanteren, var norske «Sleipner», som drog frå Bergen 23. mai 1862.

Industriell vekst og arbeidsmigrasjon
Med dei nye innvandrarane utviklar jordbruket seg mykje. Kommunikasjonsinnretningar, som jarnbanenett, vogner og lokomotiv krev industriell verksemd. Det same gjeld det blømande jordbruket som nærast ropar etter tenlege verktøy og maskinar. Etterspurnaden er stor og marknaden for ingeniørkunst og tekniske nyvinningar synest etterkvart umettande. Det treffer då godt at ein har tilgang både på energi og råstoff, noko som finst innom dei store innsjøane. Kol- og jarnutvinning krev arbeidskraft, industriproduksjon og kommunikasjon – jarnbane så vel som båtar/lekterar - vert det auka behov av. Nord-Amerika går med dette inn i den mest rivande (dynamiske) industriutviklinga verda til då hadde sett. Immigrantane, også dei ifrå Noreg, finn sine inntektsgjevande plassar i det nye «American Dream» - systemet, det vere seg jordbruk, industri eller tenestenæring. Draumen om Amerika omfattar ikkje berre gratis jord og sjølvberging. Frå no av er inntektsgjevande arbeid ein sentral del av draumen, og av røynda. Med den nye tida kjem også eit enormt behov for tre-materialar, ettersom primitive jordhytter skulle erstattast med trehus, og tettstader, byar, service-stasjoner m.m. skulle byggjast. Skogshogst og sagbruk vert storindustri, og transporten frå skogsstatane i vest kan effektuerast på det nye jarnbanenettet.

Dette fører også til at Amerika vert eit attraktivt land for norske handverkarar og for anleggs- og skogsarbeidarar. Mange nordmenn vert mellombels utvandrarar idet dei brukar Amerika som inntektsbase for pengar dei skal investere i opprusting av gardshus og i jorddyrking heime i Noreg. Særleg perioden etter hundreårsskiftet 1900 har preg av dette. Bygda Sletta i Nordhordland, der Vestnorsk Utvandringssenter er heimfesta, er eit uttrykk for dette pendlar-arbeidet til Amerika idet heile 13 av gardane i bygda har bygningsmassen sin finansiert gjennom slik pendling mellom Noreg og Amerika.

Endringar heime og ute
Amerika-feberen vert av mange, særleg i embetsstanden og hos dei politisk styrande, oppfatta som ein risiko for vårt eige land. Alt i 1836 utferda biskop Neuman i Bergen såleis eit skriv der han åtvara mot utvandringa. Fleire andre i posisjon kom til å gjere det same. Det heiter at ein prest i Gudbrandsalen skriv i avisa at no synest det som ei landsulykke går over Noreg ved at ungdommen reiser, og dei gamle sit att. Ja, skriv han, at det synest som om i folk i hans prestegjeld no er betre kjende med amerikanske bygdelag enn med nabobygdene heime. I den svært intense emigrasjonstida prøver politikarane å demme opp for utvandrartrongen, m.a. ved å tilby statlege tilskotsordningar for bureisingsbruk, innløysingsrett for husmannsbruk m.m. Etter første verdskrigen minkar talet på utvandrarar. Lovreguleringar i Amerika demmer noko opp, og sameleis det at på denne tida vert grunnvollen lagt for ei ny økonomisk tid i Noreg, nemleg ved at fossekrafta som elektrisk energikjelde vert oppdaga og søkt dressert gjennom bygging av store damanlegg, røyrgater m.m. Det norske industrieventyret som skal verte så sterkt utvikla, har teke til, og Noreg får jamvel tilsig av arbeidssøkjande svenskar som tek del i rallarliv på norske fjellanlegg , jarnbaneanlegg og ved bygging av kraftstasjonar og fabrikkar.

Seinare utvandring til Amerika har vore meir moderat enn tidlegare, men nemnast i denne samanhengen må den norske sjømannshistoria, som på ei vis også er kopla opp mot norsk utvandring. Norske skip, amerikanske hamner, norske sjømannskyrkjer o.l. er som trådar i norsk utvandringshistorie, der til dømes Brooklyn og San Pedro kunne oppfattast svært norske av både nordmenn heime og norskamerikanarar. Her vart det møtepunkt, møtepunkt som har vara heilt inn mot nyare tid. Arbeidspendlinga har halde fram, særleg frå enkelte deler av Noreg, somt til dømes frå Sørlands-kysten og nordover til Karmøy, ja også heilt til Tysnes i Hordaland. Fiskarmiljøet i Seattle har preg av Møre- og Karmøy-aktørar. I Brooklyn vart omgrepet «floor-layers from Kvinesdal» kjent i åra like etter den siste verdskrigen. Det moderne olje-Noreg har ei interessant arbeidsutveksling med det oljeproduserande amerikanske Gulf-miljøet, der ikkje minst Houston har eit stort innrykk av norske oljearbeidarar. Denne mellombels utvandringa frå Noreg har det ved seg at svært mange av «olje-gjestearbeidarane» hentar lønningsposen sin frå Noreg, og er såleis registrerte som norske på oppdrag i Amerika. Noko av samanhengen er at fleire multinasjonale selskap opererer i oljebransjen.

Norskamerikansk kultur
Norske utvandrarar tok på mange vis «fedrearven» med seg då dei reiste. Dei tok i ein lang overgangsperiode vare på heimearven, og nokon gjekk i brodden for å utvikle den på ein tilpassa måte i Amerika. Norsk språk vart dyrka og ivareteke gjennom ein omfattande litterær bokproduksjon, gjennom utgjeving av norskspråklege tidsskrift og aviser. Nemnast kan her at boka ”Husmannsgutten” (1884) av Hans A. Foss, skriven på norsk, vart utgjeven i Amerika. Boka vart prenta i stadig nye opplag, og mykje lesen både av nordmenn i gamlelandet og av ”norskies” i ”The New World”. Nokon meiner at ho ei tid absolutt må reknast som bestseljar. I år 1900 kom til dømes Aftenposten ut i Oslo med eit opplagstal på 13.000, medan den norskspråklege dagsavisa «Scandinavien» i Chicago hadde 25.000 i opplag. «Decorah»-posten var vide kjend og lesen, ikkje minst for skuld den kjende teikneserien «Han Ola og han Per», der nordmenn i Amerika gjerne vart morosamt parodierte. Marcus Thrane skipa det norske teateret i Chicago i 1863, det første etniske teateret i USA. «Norske» presteseminar utvikla seg etterkvart til kjende og til dels store college. Nemnast kan Luther College(1859) i Decorah, Augustana College(1860/1869) i Siuox Falls , Augsburg College(1869) i Minneapolis, St. Olaf College(1874) i Northfield, Concordia College(1891) i Moorhead, og Pacific Lutheran University(1890) i Tacoma.

Det norsk-amerikanske kyrkjelivet speglar truleg heimearven meir enn noko anna i «det utvandra Noreg» i Amerika. Kyrkjebygging, gudstenestepraksis og det sosiale kontaktnettet og livet innom kyrkja vart både identitetsberande og sosialt trygt for mange av emigrantane. Sjølve kyrkjebygga vart også reiste etter norsk modell, gjerne med slik utforming som kyrkjene i heimlandet oftast fekk etter 1860. Den norske kyrkja i Amerika vart organisert som ei eining i 1853, men alt frå 1843 vart den første nordmann ordinert til prest, haugianarpredikanten Elling Sundve Eielsen, som hadde kome over i 1839 for å øve åndeleg leirskap for dei mange trusfellane som hadde emigrert frå Noreg. Året etterpå kjem ein ”retteligen” utdanna og ordinert norsk prest til USA, Dietrichson frå Fredrikstad. I møte mellom desse personane vert det klart synleggjort at no hadde spenningstilhøva i det norske kyrkje- og vekkingslivet forplanta seg til Amerika, og det vert hevda at på det meste finn vi heile 14 ulike norsk-lutherske konfesjonsgrupper i USA. Med masseutvandringa vart det slik at ei fleste ”norskies” samla seg i den hovudstraumen som reflekterte den norske kyrkjelæra i heimlandet, men med eitt markant skilje: I Amerika var statskyrkjeordninga utenkjeleg- og organisering i synodar vart organisasjonsform. Medlemmene hadde sjølve alt økonomisk ansvar, og kyrkjelyden stod sjølv for tilsetting av prestane.

Studiar av migrasjonshistoria
For lengst har vi i tid fått nok avstand til å setje norsk utvandring i perspektiv både i norsk, europeisk og amerikansk historie. I den samanhengen må NAHA – Norwegian American Historical Association, utvandringsorganisasjonar og museum sjåast. Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta på Radøy finn også sin plass i denne samanhengen. Med stort lokalt engasjement har folk i denne typiske emigrantbygda på dugnadsbasis ”henta heim” frå norske utvandrar-settlement i Amerika mange illustrative bygningar som kyrkje, skulehus, lærarbustad, lækjarkontor, nybyggjarstove, fengsel og rådhus. Desse står i dag atterreiste på senteret. Perspektiv-dragande monument, førebels 8, er sette opp, og mange gjenstandar, bilete, bøker, brev m.m. er på plass for å kaste lys over emigrasjonsperioden som i så stor grad har prega Noreg – i vår nære fortid. Eit alfabetisk ordna utvandrarregister –Sjursen-arkivet- med over 96.000 utvandrarar frå Sogn og Fjordane og frå Hordaland ligg tilgjengeleg i protokollar på senteret. Vestnorsk Utvandringssenter er konsolidert inn som ei eining i Museumssenteret i Hordaland, som administrerer og styrer drifta, økonomisk støtta med midlar frå stat, fylke og kommune.

Sletta 19. februar 2012
Asbjørn Ystebø